Denne veka gjekk fristen ut for å levera høyringsinnspel til forslaget om områdefreding rundt Bergenhus.
Den siste høyringsfristen på fredningsforslaget gjekk ut denne veka, og vi har motteke over 20 innspel.
– Me er glade for alle innspela som har komme. Dei vil hjelpa oss med å finna ei best mogleg løysing for flest mogleg interesser, seier seksjonsleiar hjå Riksantikvaren, Sigrid Murud.
– No er me i ein høyringsprosess, og me skal lesa alle innspel nøye. Forslaget som har vore ute på høyring er utarbeidd med dei nasjonale kulturmiljøverdiane på Bergenhus som utgangspunkt. Innspela som har komme inn no gir oss eit grunnlag for å vurdera andre omsyn opp mot dette, seier Murud.
Høyringsinnspela kjem frå fleire ulike aktørar, som dekker ulike interessefelt. Alle innspela som har kome inn er tilgjengelege i faktaboks i denne saka.
– Bergenhus er eitt av Noregs aller viktigste kulturmiljøer. Då er det viktig at vi, saman med alle involverte aktørar, kjem fram til ei løysing som sikrar 1000 år med kontinuerleg havnedrift uten å bygge ned viktige delar av noregshistoria, seier Murud.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Høyringsinnspel
- Arne Skivenes
- Bane NOR
- Bergen Havn AS
- Bergen Kommune
- Bergen Nasjonale Veteranskipshavn
- Bergen Næringsråd
- BKK AS
- Bryggengruppen
- Cruise Lines International Association
- Dokken Utvikling Jan Erik Rossow
- Fellesforbundet Vestnorsk Transportarbeiderforening
- Forsvarsbygg
- GC Rieber Eiendom
- Kystverket Sørøst
- Museum Vest
- NHO Logistikk Og Transport, Region Vestland
- NHO Logistikk Og Transport
- Plug Bergen
- Stiftelsen Bryggen
- Stiftelsen Maritime Bergen
- Verdensarvkoordinator For Bryggen
- Vestland Fylkeskommune
Riksantikvaren reiser ikkje motsegn
Bergen kommune gjer endringar i kommunedelplan Sentrum. Riksantikvaren ber likevel kommunen stille krav i historiske byrom.
Halvparten av Noregs befolkning er opptekne av kulturmiljø
– Dette er ein viktig og gledeleg milepæl, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
No kan du søke om tilskot til kulturarven i 2027
No opnar søknadsvinduet for kulturmiljø, og Riksantikvaren lyser ut tilskudd til blant anna freda bygninger og anlegg, fartøy og verdensarv.

