Fredar radiohistorie på Svalbard

– Isfjord radio er eit kulturminne som syner kor viktig kommunikasjonsteknologi har vore til alle tider, særleg i område der avstandane til omverda er så store, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide. – Radiostasjonen vart oppretta for å halde kontakten mellom Svalbard og fastlandet, og gjere skipstrafikken til Svalbard og i heile Nordishavet tryggare.

Det sentrale stasjonsområdet på Isfjord Foto: Store Norske 2023

Då stasjonen var operativ var den knutepunkt for kommunikasjon mellom Svalbard og fastlandet, anten det var radiotelegrafi, telefon, kringkastingsteneste eller satellitt. Radiostasjonen og fyret trygga skipstrafikken til Svalbard og inn og ut av Isfjorden. På slutten av 1950-talet og framover var Isfjord radio ei forutsetning for at interkontinentale rutefly kunne flyge over Nordpolen, og i dag er Isfjord radio både reiselivsdestinasjon og ein teknisk fjernstyrt stasjon for kommunikasjon, meteorologi og navigasjon.

– Det er også historisk at Riksantikvaren for første gong opnar for klimatiltak i sjølve føreskrifta til eit freda kulturminne. Eigaren av Isfjord Radio fekk løyve til å opprette solcelle-anlegg medan fredingsaka var under arbeid. Det er symboltungt med eit slikt tiltak på Svalbard, sidan dette er den delen av Noreg der kulturminna våre både er hardast råka og mest sårbare for klimaendringar, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Basecamp Explorer har opent hotell på Isfjord radio frå februar til oktober. Telenor Svalbard leiger den tekniske delen av stasjonen, og driftar både sitt eige og andre sitt utstyr, medan Selskapet Store Norske Næringsbygg AS eig stasjonen.

Isfjord Radio Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og riksantikvar Hanna Geiran deltok på markeringen av fredningen av Isfjord Radio. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Kommunikasjon og tryggleik

– Kulturmiljøet på Isfjord radio har vi ikkje makan til på fastlandet, seier Klima- og miljøminister Espen Barth Eide. – Stasjonen har vore eit knutepunkt for kommunikasjon mellom Svalbard og resten av verda.

Isfjord radio på Kapp Linné ligg ytterst i Isfjorden på Svalbard, om lag 5 mil sørvest for Longyearbyen, og 13 kilometer vest for Barentsburg. Med stadig aukande skipstrafikk og omfattande kôleksport, gav Stortinget midlar til ytterlegare sikring av skipsfarten og styring av innseglinga til Isfjorden i 1933. Isfjord radio blei sett i drift 13. september same år. På grunn av dei lyse somrane, og islagt fjord om vinteren, skulle fyrlykta på staden berre vere tent om hausten.

– Isfjord radio var eit trygt og sentralt støttepunkt for navigasjon til havs og i lufta i store delar av Arktis. Ferdsel i desse områda var med livet som innsats før sendingane frå Isfjord starta, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Aktiviteten på Svalbard auka, og den teknologiske utviklinga innan både navigasjon, meteorologi og kommunikasjon skjedde raskt. Stasjonen vart øydelagt under andre verdskrig, men bygd opp att allereie i 1946. I 1950 blei det montert radar på stasjonen, og no kunne Isfjord Radio melde nøyaktig posisjon på skip og avstand til land. Radaren var i drift til 1968. Frå midten av 1950-talet kom det fleire flyruter frå Europa til USA (og vidare til deler av Asia) over Nordpolen. Flya måtte ha radiokontakt og kommunikasjon med bakken undervegs. Isfjord Radio låg perfekt til og bidrog til å gjere rutene trygge.

Isfjord Radio
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Isfjord Radio Isfjord Radio har verdens nordligste bakkemonterte solcelleanlegg.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Isfjord Radio Isfjord Radio har verdens nordligste bakkemonterte solcelleanlegg.
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Isfjord Radio
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Isfjord Radio
Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Historisk og ny bruk på Isfjord

På det meste, i 1959, var den faste bemanninga på Isfjord Radio 12 personar. I 1965 fekk Isfjord Radio eige postkontor og eige postnummer. Frå 1971 var det Isfjord Radio som tok i mot signal frå NRK Radio frå fastlandet, via ein meir enn 1 km lang antenne hengt opp i telefonstolpar i rett linje sør frå stasjonen. Frå Isfjord Radio blei NRKs signal vidaresendt på radiolinje til Longyearbyen og kringkasta derifrå.

Frå midten av 1970-talet blei fleire oppgåver flytta til den nye flyplassen i Longyearbyen, og utstyret på Isfjord Radio blei fjernstyrt. Bemanninga blei redusert, men teknisk personale hadde framleis sin arbeidsplass på Isfjord Radio heilt til 1999. No er alle tekniske funksjonar fjernstyrt, og Isfjord Radio har ikkje fast personale på staden. I 2006 kjøpte Store Norske Isfjord Radio frå Telenor Svalbard, og i 2008 blei det inngått ein avtale med Spitsbergen Travel om hotelldrift på staden.

Føremålet med fredinga er å sikre og bevare Isfjord radio som eit heilskapleg kulturmiljø for kommunikasjon-, navigasjon- og vervarslingstenester på Svalbard, frå det første sjømerket i 1912 til stasjonen ble heilt automatisert og fjernstyrt i 1999. Fredinga skal bevare eit anlegg som har vore eit knutepunkt for kommunikasjon mellom Svalbard og resten av verda, og eit støttepunkt som gjorde navigasjon til havs og i lufta tryggare for store deler av Arktis.

  • Fredningsår

    13.09.2023

  • Region

    Svalbard

  • Eierskap

    Bedrift

  • Datering

    1946 / flere dateringer

  • Lokaliteter

    Bebyggelse-Infrastruktur: Telekommunikasjonsanlegg

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153