Nyheter

Over 20 innspel til Bergenhus-forslag

– Me er glade for alle innspela som har komme.

Publisert: 27. februar 2026

Flyfoto av en kystby med bolig- og næringsbygg, grønne parker og cruiseskip som ligger til kai på rolig vann.
Bergenhus festning: Sett med Skuteviken til høyre. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Denne veka gjekk fristen ut for å levera høyringsinnspel til forslaget om områdefreding rundt Bergenhus.

Den siste høyringsfristen på fredningsforslaget gjekk ut denne veka, og vi har motteke over 20 innspel.

– Me er glade for alle innspela som har komme. Dei vil hjelpa oss med å finna ei best mogleg løysing for flest mogleg interesser, seier seksjonsleiar hjå Riksantikvaren, Sigrid Murud.

– No er me i ein høyringsprosess, og me skal lesa alle innspel nøye. Forslaget som har vore ute på høyring er utarbeidd med dei nasjonale kulturmiljøverdiane på Bergenhus som utgangspunkt. Innspela som har komme inn no gir oss eit grunnlag for å vurdera andre omsyn opp mot dette, seier Murud.

Høyringsinnspela kjem frå fleire ulike aktørar, som dekker ulike interessefelt. Alle innspela som har kome inn er tilgjengelege i faktaboks i denne saka.

– Bergenhus er eitt av Noregs aller viktigste kulturmiljøer. Då er det viktig at vi, saman med alle involverte aktørar, kjem fram til ei løysing som sikrar 1000 år med kontinuerleg havnedrift uten å bygge ned viktige delar av noregshistoria, seier Murud.

Flyfoto av en kystby med grønne åser, boligblokker, en park, havn, skip og et pariserhjul under en klar himmel.
Bergenhus festning: Sett fra Vågen-siden. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren