Bevaringsstrategiane skal leggja til rette for at kulturminne, kulturmiljø og landskap blir bevarte og brukte som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Strategiane skal synligjøre betydninga av kulturmiljøa for miljømessig, sosial og økonomisk berekraft.
Strategien var på høyring frå 28. april til 13.juni.
Både i bygdene og i byane finn me eit stort mangfald av kulturmiljø som fortel historia om rolla til stadene i samfunnsutviklinga i landet. Klimaendringar, strukturelle endringar knytte til busetjing og demografi og endra arealbruk gjer det utfordrande å ta vare på desse miljøa. Derfor er det viktig med eit godt samarbeid mellom aktørane i bygdene og byane for å sikra at me både bruker, bevarer og utviklar kulturmiljø på ein berekraftig måte.
Den nasjonale bevaringsstrategien for bygder og byars kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling i bygdene og byane. Dette føreset at me tek vare på og bruker kulturmiljøa, slik at dei historiske verdiane blir bevarte og miljøa blir opplevde som attraktive. Strategien skal visa korleis kulturmiljøforvaltninga og samarbeidspartnarar, både private og offentlege, kan bidra til bevaring og utvikling av bygder og byar.
For å sikra framtida for kulturmiljøet i bygdene og byane må me samarbeida. Når lokalsamfunn, organisasjonar og styresmakter jobbar saman, kan me bevara, bruka og utvikla miljøa på ein måte som gir meining for både noverande og framtidige generasjonar. Bevaringsstrategien for bygdene og byanes kulturmiljø handlar om å finna berekraftige og smarte løysingar som sikrar både kunnskap om og utvikling av desse miljøa.
Strategien har tre deltema:
Deltema 1: Identiteten og særpreget til staden handlar om at identiteten til ei bygd eller by har utvikla seg over tid, på bakgrunn av dei naturgitte føresetnadene, topografienog landskapet til staden, men også som eit resultat av menneska som har levd og budd akkurat på denne staden. Kulturminna, kulturmiljøa, landskapa og dei arkeologiske spora under bakken fortel om stadsdanning og samfunnsutvikling frå forhistorisk tid fram til i dag.
Kulturmiljøverdiar som handlar om identiteten og særpreget i bygdene og byane, er ofte knytt til at heilskaplege opplevingsverdiar i ein by eller bygd står seg over tid og ikkje blir bygd ned med uheldige enkelttiltak. Prioriterte område er arkeologiske kulturminne som ei kjelde til kunnskap, bygder og byars struktur – frå naturgitte føresetnader til planlagde stader, og bygningsmiljø som bidreg til særpreg. Innsatsen skal bidra til at identiteten og særpreget blir vareteke i arealplanlegginga.
Deltema 2: Der me møtest handlar om kulturmiljøa til fellesskapane, og representerer eit stort mangfald og går på tvers av ulike gruppereringar i samfunnet. Alle har rett til ein kulturarv, rett til å tolka si eiga historie og rett til å definera sine eigne kulturmiljø. Bygningane, plassane og stadene til fellesskapane fortel om gruppers tilhøyrsel og felleskap og har også vore viktige for bygginga av fellesskapane til til dømes urfolk, nasjonale minoritetar og innvandrargrupper og for kulturmiljø knytte til motkultur og rettskamp. Kulturmiljøa til fellesskapane er i liten grad kartlagde, dokumenterte og analyserte.
Den samla kunnskapen om desse kulturmiljøa er låg, og det er i liten grad undersøkt kva betydning dei har, og har hatt, for samfunnet og samfunnsutviklinga. Mange forhold utfordrar bruken, vedlikehaldet og vidareføringa av dei felles kulturmiljøa våre. Prioriterte område under dette deltemaet er bygningane til fellesskapane og uterom og grøntområde for fellesskapen. Innsatsen skal bidra til at viktige kulturmiljø som fortel historiene knytte til offentlege, religiøse, sivile og kulturelle fellesskapar av ulik karakter og ulikt omfang blir bevart og brukt.
Deltema 3: Der me bur handlar om kulturminne og kulturmiljø knytte til bustadområde. Bustadene utgjer ein vesentleg del av bygders og byars kulturhistorie og karakter. Dei eldste bevarte husa er fleire hundre år gamle. Hagane omkring har ofte spor frå endå eldre tider. Nyare bustader fortel om samfunnsutviklinga fram til vår tid.
Bustadområde er viktige kulturmiljø i bygder og byar. Ein del av dei er godt bevart. Andre er sterkt endra. Mange står på ulike måtar under press. Kulturmiljøet i bustadhistoria er sårbare for demografiske endringar, og fråflytting fører til tomme hus og gjengrodde hagar. Fortetting fører til ombygging, riving og nedbygging av grøntanlegg. Prioriterte område er småhusbusetnad og hagar som er under press, drabantbyane og etterkrigstidas byplanlegging – gjenreisningsarkitekturen. Innsatsen skal bidra til å sikra at bustadområdes historiske struktur og kvalitetar blir synleggjorde og blir varetekne.
Arbeidet med strategien
Riksantikvaren sende forslag til bevaringsstrategiar for bygder og byars kulturmiljø og næringar og industriars kulturmiljø ut på høyring 28.april.
Innspela vil etter fristen 13.juni bli tilgjengelege på denne sida.
Riksantikvaren skal levera forslag til strategi til Klima- og miljødepartementet (KLD) innan 1. september 2025.
Hausten 2025 vurderer departementet forslaget, og kjem med eventuelle endringar, før strategien er klar til å bli sett i verk.
I arbeidet med begge bevaringsstrategiane har Riksantikvaren henta kunnskap og lagt til rette for medverknadsprosessar. Bevaringsstrategiane som no blir sende på høyring, er baserte på funn i dette arbeidet.
Medverknadsprosessen før høyringa har gjennom vinteren bestått av spørjeundersøkingar, ressursgruppemøte, digitale dialogmøte, konsultasjon med Sametinget og samling med fylkeskommunanes og Sametingets leiarar for kulturarv.
Kontaktperson hos Riksantikvaren:
Hanne Merete Moldung, strategikoordinator
hanne.merete.moldung@ra.no
Ida Strøm-Larsen, kjerneteamkoordinator
ida.strom-larsen@ra.no
Høringsinnspill
- Agder Fylkeskommune
- Akershus Fylkeskommune
- Alta Museum Verdensarvsenter For Bergkunst
- Anno Museum
- Arendal Kommune
- Arkivverket Riksarkivet
- Bane Nor
- Buskerud Fylkeskommune
- Den Norske Kirke Kirkerådet
- Distriktssenteret Høringsinnspill
- Forbundet Kysten
- Foreningen Fredet Vedlegg
- Foreningen Fredet
- Fortidsminneforeningen (Vestfold)
- Fortidsminneforeningen (Aust-Agder)
- Frøya Kommune
- Halden Kommune
- Helgeland Museum
- ICOMOS Norge
- Innlandet Fylkeskommune
- Kartverket
- Kraftmuseet
- Kulturalliansen - innspill
- Kulturalliansen - rapport 1
- Kulturalliansen- rapport 2
- Kulturhistorisk Museum - Universitetet I Oslo
- Lillestrøm Kommune
- LO Landsorganisasjonen
- Murbyen Oslo
- Møre Og Romsdal Fylkeskommune
- NHO Byggenæringen
- Noregs Ungdomslag
- Norges Husflidslag
- Norges Kulturvernforbund
- Norges Museumsforbund
- Norsk Forening For Fartøyvern
- Norsk Teknisk Museum
- Rogaland Fylkeskommune
- Røros Kommune Byantikvaren
- Røros Kommune Verdensarvkoordinator
- Sametinget
- Skogfinneforeningen Side 1
- Skogfinneforeningen Side 2
- Statsforvalteren I Agder
- Statsforvalteren I Vestfold
- Telemark Fylkeskommune
- Troms Fylkeskommune
- Trøndelag Fylkeskommune
- Valdres Natur Og Kulturpark
- Varanger Museum IKS
- Vestfold Fylkeskommune
- Vestfoldmuseene
- Vestland Fylkeskommune Førebels Før Politisk Handsaming
- Østfoldmuseene
- Kristiansund Kommune
- Norske Kveners Forbund
- Norsk Kulturarv
- Oslo Kommune Kulturetaten
- Oslo Kommune Bymiljøetaten
- Oslo Kommune Byantikvaren

Sterk auke i interessa for kulturarv
I ei ny måling frå SSB, oppgir 47 prosent at dei er svært eller ganske interesserte i kulturarven. Dette er ein oppgang på ni prosentpoeng frå 2024.

Brannen i Arendal
Søndag 29. juni brøt det ut kraftig brann i et av Arendals tette trehusområder i Strømsbuveien. Samtidig blåser det sterk vind i hele Sør-Norge.

40 nye kraftminner
Riksantikvaren og NVE har listeført 40 nye kraftanlegg som kulturminner. Til sammen står nå 270 anlegg på lista.