Om Riksantikvaren

Riksantikvarens kulturminnepris

Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne.

Vinnarane av kulturminneprisen 2024! Reidar Marstein og Per Dagsgard på fjelltur med Hanna Geiran i haust. Foto: Frys film

Entusiastar land og strand rundt gjer ein strålande innsats for å ta vare på våre kulturminne.

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • registrering, bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne
  • frivilllig innsats for bevaring av kulturarven

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottar vinnaren 75 000 kroner.
Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.

Kven kan få prisen?

Prisen blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Prisen blir delt ut på Riksantikvarens Høstmøte september 2024.

Nominasjon

Vinnaren blir valt av ein jury på bakgrunn av nominasjonsforslag. Juryen består av Riksantikvarens leiargruppe.

Fristen for innsending var 15. april 2024.

Riksantikvarens kulturminnepris 2025

Fristen for å nominere kandidatar vil bli på våren, eksakt dato kommer senere.
Vinnar blir annonsert på Haustmøtet 2025.

Vinnarar av kulturminneprisen:
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreningen Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegården v/eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skole og håndverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti

Spørsmål om prisen eller om innsendinga?

Kontakt Gunvor Haustveit på e-post: gha@ra.no

Publisert: 11. desember 2019 | Endret: 16. oktober 2024