1§11-9, 6. miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønnstruktur, herunder om midlertidige og flyttbare konstruksjoner og anlegg
Landskap
Område vald ut som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse, skal forvaltast slik at karakteren i landskapet, som skildra i (….), vert halde ved lag og styrka. Ved vurdering av søknadar om nye tiltak skal verknaden av tiltaket på område (….), vald ut som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse leggast vekt på, slik at vesentleg negativ påverknad på karakteren til landskapet vert unngått.
I område som er lagde inn som omsynssone for kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse skal alle tiltak gjennomførast på ein måte som tek vare på karakteren og særpreget til det enkelte området slik det er skildra i (….) rapporten «Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i (….).
Område med natur- og kulturverdiar som er vurderte som verdifulle landskap, skal takast vare på og forvaltast slik at kvalitetane i landskapet vert styrka.
Områda som er vurderte som verdifulle landskap i landskapsanalysen til kommunen, skal forvaltast slik at kvalitetane i landskapet, slik dei er lagt vekt på i landskapsanalysen, vert oppretthaldne og styrka.
I områda som er vurderte som verdifulle landskap i landskapsanalysen til kommunen, skal utforming av vegar og anlegg for teleteneste og energioverføring følgje estetiske krav slik dei er formulert i estetikkrettleiaren til kommunen, i kapittel 4; Korleis ta omsyn til karakter og nøkkelelement i landskapet.
Åsprofilar/ landskapssilhuettar/ horisontliner skal takast vare på.
Det kulturhistoriske landskapet med alle sine karakteristiske element som steingjerde/ murer/ rydningsrøyser/ dyrkingsterrassar/ vegar/ steinsette bekkefar/ klopper eller styvingstre skal takast vare på.
Naturgitte og kulturskapte nøkkelelement som fungerer som blikkfang og særleg historiebærande randsoner og element i landskapet, skal takast vare på og styrkast.
Alle tiltak skal gjennomførast på ein måte som tek vare på særpreget til det einskilde landskapet, med naturgitte og kulturskapte kvalitetar.
Alle tiltak som verkar inn på landskapet langs vatn og vassdrag, skal underordne seg heilskapspreget i natur- og kulturlandskapet. Ved søknadar om nye tiltak skal nærverknad og fjernverknad visualiserast i høve til dette heilskapspreget.
Bustader/fritidsbustader skal underordne seg landskapet. Nye bygningar skal difor ikkje bryte horisontlinja eller plasserast på høgdedrag. Dei bør plasserast nedom knausar og toppar.
I eksponerte landskap og dalsider skal fjernverknad av bustader/fritidsbustader dokumenterast og underordne seg karakteren i landskapet.
Bustader/fritidsbustader skal plasserast på ein måte som gjer at det er mogleg å ta vare på vegetasjonen mellom husa.
Utbygging og utfylling av sjø- og hamneområde [og bygging av veg og jernbane] som visuelt og funksjonelt skil den historiske byen frå sjøen skal ein unngå.
Gateløp som er opne mot sjøen skal ikkje lukkast igjen.
Landemerke som er karakteristiske for bysilhuetten [som …] skal takast vare på.
Estetikk
Eit kvart tiltak som kan verke inn på eit kulturminne eller omgjevnadane til kulturminnet, skal prosjekterast og utførast slik at det har gode visuelle kvalitetar, både i seg sjølv og i høve til funksjonen til tiltaket, dei bygde og naturlege omgjevnadane og plasseringa av tiltaket. Dersom verneverdige eller freda kulturminne eller kulturmiljø vert påverka av det aktuelle tiltaket, skal regional kulturmiljøforvalting få gje fråsegn. Når det gjeld automatisk freda kulturminne, vil kulturmiljøforvaltinga avgjere om tiltaket vil verke inn på dei automatisk freda kulturminna, til dømes vere utilbørleg skjemmande, jf. kulturminnelova § 3.
Ved planlegging, utbygging og gjennomføring av tiltak skal nye bygningar og anlegg, og endringar av eksisterande, utformast i samspel med karakteren til omgjevnadane, naturgitte forhold, kulturlandskapet og byggeskikken på staden. Busetnaden skal underordne seg det topografiske særpreget til området, ha heilskapleg form-, farge- og volumoppbygging, og fremje gode uterom. I særleg eksponerte område skal det takast ekstra omsyn.
2§ 11-9, 7. Hensyn som skal tas til bevaring av eksisterende bygninger og annet kulturmiljø
Vesentleg om bygningsmiljø og bygningar
I tilstøytane randområde skal nye tiltak ikkje redusere opplevings- eller bruksverdien knytt til det historiske bymiljøet.
Utfylling av tomteareal på ein måte som svekker opplevinga av og kor leseleg det historiske busetnadsmønsteret er, skal ein unngå.
I føresegnene nedanfor er det brukt NB!-område som avgrensande kriterium for føresegnene. Om kommunen ønskjer å bruke nokon av desse føresegnene for område som ikkje er NB!-område må kommunen sette inn ei formulering som viser den avgrensinga for føresegna som kommunen ønskjer.
I det enkelte kvartal innanfor NB!-området skal historiske bygningshøgder og gesimshøgder vere førande for eventuelle nybygg. Karakteristiske volum med skala og proporsjonar frå den historiske busetnaden, og plassering av bygningar skal vidareførast ved nye tiltak.
Eigedoms- og tomtestruktur i det historiske bysentrumet skal gi føringar for den prinsipielle busetnadsstrukturen. Der den historiske tomtestrukturen blir slått saman er det viktig at den kjem til uttrykk i inndeling og rytme i fasadane.
Gater og smug innanfor NB!-området skal ikkje byggast igjen, då dette vil forringe den historiske karakteren og lesbarheita til området.
Busetnadsmønsteret, torga, og gatestrukturen er ein viktig del av historia til NB!-området, og skal takast vare på og førast vidare.
I transformasjonsområda bør kulturhistorisk viktige bygningar, gateløp, kvartalsstrukturar, eldre kaianlegg, bryggefrontar og liknande takast vare på, for å sikre områda særpreg og kvalitetar.
Kulturminne som er viktige for forståinga av NB!-området og viktige identitetsmarkørar, skal takast vare på og takast i bruk som ressursar i utviklinga av knutepunkt- og transformasjonsområde.
Der det er gjennomført uheldige tiltak som har svekka verdien, eigenarten og integriteten til bymiljøet, kan det gjennomførast byreparasjon, tilbakeføring og gjenoppbygging av bygningar som vidareførar den lokale, historiske byggeskikken og tek vare på eigenarten til miljøet.
Stadeigen byggeskikk og handverkstradisjon skal oppretthaldast og førast vidare ved eventuelle nye tiltak, medrekna endringar, til-, på- og nybygg. Ved eventuell oppføring av tilbygg skal desse tilpassast eksisterande busetnad og underordnast denne.
I alle verneverdige bygningar omfatta av kulturmiljøplanen til kommunen, skal originale vindauge takast vare på.
I alle bygningar eldre enn 1900 skal originale vindauge takast vare på. Ved ueinigheit eller tvil om verneverdi og/eller tilstand skal det innhentast fråsegn frå regional kulturmiljøforvalting eller antikvarisk sakkunnig, etter avtale med regional kulturmiljøforvalting.
I alle bygningar eldre enn 1930 skal original kledning og andre fasademateriale takast vare på. Ved ueinigheit eller tvil om verneverdi og/eller tilstand skal det innhentast fråsegn frå regional kulturmiljøforvalting eller antikvarisk sakkunnig, etter avtale med regional kulturmiljøforvalting.
For bygningar som i seg sjølv, eller som del av eit miljø, har historisk, arkitektonisk eller anna kulturell verdi, kan kommunen krevje at det vert teke omsyn til desse verdiane ved endring eller oppussing av fasade.
I bygningar med trapperom med høg verneverdi skal det, ved krav om universell utforming, vurderast om det er mogleg å legge heis utanpå bygningskroppen eller i annan del av bygningen.
Med sikte på å verne og/eller rette opp at karakteren til hus som er nemnd i kulturmiljøplanen til kommunen kan kommunen krevje at takform, fasadar, vindauge, dører, materialbruk og fargar vert oppretthalde eller tilbakeførte. Om naudsynt må det utarbeidast ein plan som tek vare på desse omsyna.
Bygningar nemnd i kulturmiljøplanen til kommunen kan byggast på og byggast til såframt dette ikkje reduserer verneverdien til bygningen. Eventuelle tilbygg må underordna seg den eksisterande bygningen med omsyn til plassering, utforming, storleik, material- og fargebruk.
Merknad: I ein del fylke har kulturmiljøforvaltinga avtaler med antikvarisk sakkunnige rundt i kommunane, til dømes knytt til kommunal byggjesaksforvalting, lokale museum eller til eigne bygningsvernsentra. Det vil då vere naturleg at desse kan gjere vurderingar av om til dømes vindauge framleis er i ein slik stand at dei kan restaurerast.
Bygningar vurdert som verneverdige i kulturmiljøplanen til kommunen skal takast vare på, og kan ikkje bli rive unntatt ved totalskade.
Merknad: Kommunal- og distriktsdepartementet har gjeve ein eigen tolkingsuttale der det mellom anna blir understreka at riveforbod i kommuneplan må bli gjeve til heilt konkrete bygningar, for eksempel nemnt i ei liste. Det blir sett krav til medverknad når ein kommune ønskjer å gje riveforbod (les heile tolkingsuttalen her: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/-11-9-nr.-7-veileidningavklaring—utarbeidelse-av-føresegnr-som-sikrar-kulturminneinteresser—kommuneplanens-arealdel/id2622459/).
Døme på føresegner retta inn etter viktige epokar i by:
Skien (byen brann i 1886):
I alle bygardar i Skien frå perioden 1886-1914 skal det ikkje anleggjast arker eller balkongar ut mot gate eller anna offentleg areal eller byggast på nye etasjar.
Molde (bomba i 1940, gjenreist):
I alle bygardar i Molde eldre enn 1960 skal det ikkje anleggjast arker eller balkongar ut mot gate eller anna offentleg areal eller byggast på nye etasjar.
Merknad: Oppgjeven tidsperiode vil måtte variere frå kommune til kommune. Her må kommunen, i dialog med regional kulturmiljøforvalting finne ut kva tidsperiodar som er viktige når det gjeld bygningsmassen i kommunen, det vere seg i tettstader/byar eller gardsbusetnad. Kulturmiljøplanar, vurderingar av SEFRAK-registreringane i kommunen og for bykommunar registreringane i Riksantikvaren sitt NB!-register (http://nb.ra.no/nb/index.jsf) kan vere gode utgangspunkt for å avgjere kva tidsepokar som er viktige i den einskilde kommune.
Vesentleg om automatisk freda kulturminne
Ved all sakshandsaming etter plan- og bygningslova skal oppdatert datasett med kulturminne lastast ned frå Geo Norge for å sikre at omsynet til kulturminne vert tatt i vare.
Merknad: Dette er ei retningsline for sakshandsaming som alternativt kan takast inn i planskildringa til kommuneplanens arealdel.
Om andre kulturminne
Faste kulturminne som setrar, setervollar, gamle vegar, steingjerde, grensesteinar med meir skal ikkje byggast ned eller fjernast, men takast vare på som historieforteljande element for ettertida.
3§11-9, 8 forhold som skal avklares og belyses i videre reguleringsarbeid, herunder bestemmelser om miljøoppfølging og -overvåking
Innanfor bysentrum finst det automatisk freda kulturlag frå mellomalderen (lov om kulturminne § 4a). Ved tiltak i nærleiken av desse og kor det er fare for at grunnvasstanden vert påverka i dei freda kulturlaga, er det naudsynt med miljøoppfølging. Riksantikvaren avgjer når og korleis miljøoppfølging skal gjennomførast.
I kommunen er det registrert ei rekke helleristningar. Ved tiltak i nærleiken av desse kor det er fare for endring av lokale miljøforhold, er det naudsynt med miljøoppfølging. Kulturmiljøforvaltinga avgjer når og korleis miljøoppfølging skal gjennomførast.
4Generelle føresegner gjeve til bestemte areal
Verneverdige bygningar, kulturmiljø og utvalde kulturlandskap H550-H570 (§ 11-9, pkt. 7)
1.6 I område med verneverdige bygningar, kulturmiljø og utvalde kulturlandskap er det strenge krav til estetisk tilpassing og byggeskikk. Tiltak som verkar skjemmande og kjem i konflikt med målsettinga til omsynet, vil det ikkje bli gjeve løyve til.
(…)
1.8 Eksisterande bygningar kan utbetrast, moderniserast og byggast om med vilkår om at eksteriøret, med omsyn til målestokk, form, detaljering, materialbruk og fargar, vert oppretthalde. Ved utbetring, reparasjon eller eventuell gjenoppføring skal opphavlege bygningsdelar i størst mogleg grad takast vare på og brukast opp at i sin rette samanheng. Kommunen kan krevje at fasadane vert førd tilbake til tidlegare dokumentert utsjånad.
1.9 Tilbygg, medrekna endring av tak, kan det gjevast løyve til når dette etter kommunen sitt skjønn er godt tilpassa i høve til særpreget og tradisjonen i bygningen og bygningsmiljøet.
1.10 Eksisterande utomhusanlegg og element i kulturlandskapet som vegar, brukar, kaianlegg, steingardar m.m. skal takast vare på eller tilbakeførast, og kan ikkje fjernast utan etter godkjenning frå kommunen.
1.11 Der planen heimlar ny busetnad i tilknyting til verneverdig busetnad (H550-H570) kan dette godkjennast under føresetnad av at miljø- og verneverdiane i området ikkje vert reduserte. Nybygg skal få ei plassering og utforming med omsyn til storleik, form, materialar, detaljering, fargar o.l., som harmonerer med og vidarefører kvalitetane frå den eksisterande verneverdige strukturen og busetnaden i området.
(Frå kommuneplan for Leka 2013 – 2025)