Bevaringstrategier
Kystens kulturmiljøer
Riksantikvaren har fått i oppdrag av Klima- og miljødepartementet å lage forslag til bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø.
I tråd med Meld. St. 16 (2019-2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken skal bevaringsarbeidet vidareutviklast med fokus på engasjement, berekraft og mangfald. Bevaringsstrategiane skal strukturere innsatsen for å oppnå dei nasjonale måla ved å koordinere verkemiddel og involvere ulike aktørar.
Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø skal bidra til at eit mangfald av kulturmiljø blir bevart og tatt i bruk som ressurs i ei berekraftig samfunnsutvikling. Strategien skal også bidra til engasjement for kystens kulturmiljø. Dei tre deltemaa i bevaringsstrategien er prioriterte område innanfor det omfattande kulturhistoriske temaet kystens kulturmiljø.
Deltema 1: Sjøvegen handlar om sjøvegen, eller leia, som den viktigaste historiske kommunikasjonsåra. Deltemaet omfattar uthamner og stader som har vakse fram på bakgrunn av næring og kommunikasjon langs kysten. Deltemaets prioriterte område er fartøy, hamner, handelsstader, post- og anløpsstader og skipsvrak og arkeologiske kulturminne under vatn. Det er liten kunnskap om fleire av kulturmiljøa. Dette kan gjere det krevjande å foreta prioriteringar og tiltak som sikrar bevaring og mogleggjer utvikling. Det er også eit uutnytta potensial knytt til bruk, reiseliv og turisme for sjøvegskulturmiljøa. Formidlings-, kunnskaps- og forskingspotensialet som ligg i kystens kultur- og undervassmiljø er også stort. Innsatsen under deltemaet skal blant anna bidra til å sikre ny bruk og bevaring, og at sjøvegskulturminne og kulturmiljø blir forstått i samanheng.
Deltema 2: Naust og sjøhus – sjøen som ressurs handlar om naust, buer, bryggjer og fartøy som var fiskarens og fiskarbondens arbeidsmiljø. Deltemaets prioriterte område er støer, naust og båtar og sjøbuer, bryggjer og saltebuer. Utfordringsbiletet viser at fleire av bygningstypane i liten grad er i bruk, og det er dei bygningstypane det tapast mest av. Det same gjeld for dei små og opne båtane som har vore ein viktig del av desse miljøa. Eit endra klima, med meir uvêr og stormflo, er ei belastning for ståande bygningar, konstruksjonar og forhistoriske spor langs kysten. Det er også manglande kartlegging av fleire slike kulturminnetypar og -miljø. Innsatsen under deltemaet skal blant anna bidra til bevaring og ny bruk av bygningar og at små og opne båtar blir tekne i vare som del av det heilskapelege miljøet.
Deltema 3: Ferie og fritid langs kysten handlar om bruken av kysten til ferie og fritid. Etter at ferie blei innført i mellomkrigsåra, var fritid noko som skulle fyllast med aktivitet. Deltemaets prioriterte område er fritidsbygnaden, kulturmiljøa knytt til fellesskapets ferie og fritid samt fritidsbåtane. Trass i at dette er kulturminne som pregar store delar av kysten, og som er ein viktig del av folks liv, finst det lite samla kunnskap om temaet. Dette gjeld både eldre sommarhus, hyttebygnaden og fritidsbåtane. Innsatsen under deltemaet skal blant anna bidra til auka kunnskap og at eit mangfald av fritidsbygnade og fritidsbåtar blir tekne i vare.
Arbeidet med strategien
Riksantikvaren sendte forslag til bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø ut på høyring frå 1. mars 2024 til 10. april 2024. Høyring vart avslutta 2. mai og det kom inn over 50 innspel. Innspela er tilgjengeleg nedst i artikkelen.
Hausten 2024 vurderer Klima- og miljødepartementet forslaget, og kjem med eventuelle endringar, før strategien er klar til å setjast i verk.
Høyringsinnspel
- Agder fylkeskommune
- Akershus fylkeskommune
- Alta Museum
- Arendal kommune
- Bamble kommune
- Bergen Nasjonale Veteranskipshavn
- Buskerud fylkeskommune
- Byantikvaren i Fredrikstad
- Byantikvaren Oslo kommune
- Den Norske Turistforening
- Drammen kommune
- Finnmark fylkeskommune
- Forbundet KYSTEN
- Foreningen Fredet
- Forsvarsbygg
- Fortidsminneforeningen, Aust-Agder lokallag
- Fortidsminneforeningen, avdeling Hordaland
- Hardanger og Voss museum
- Innlandet fylkeskommune
- Kommunane i Sunnhordland
- Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF)
- Kristiansand kommune
- Kulturdirektoratet
- Kystpilegrimsleia
- MiA Museene i Akershus
- Musea i Sogn og Fjordane
- Museum Vest
- MUST Stavanger Maritime Museum
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Naustforeninga Nytt i Naust
- Nordland fylkeskommune
- Norges museumsforbund
- Norsk forening for fartøyvern
- Norsk Fyrforening
- Norsk håndverksinstitutt
- Norske kveners forbund
- Oslofjorden Friluftsråd
- Rogaland fylkeskommune
- Rognaldsvåg Landhandel
- Sametinget
- Sjøfartsdirektoratet
- Stranda Bygdalag
- Telemark fylkeskommune
- Troms fylkeskommune
- Trygve Sundt
- Trøndelag fylkeskommune
- UiO Kulturhistorisk museum
- UiT Norges arktiske universitet
- UiB Universitetsmuseet i Bergen
- Vestfold Fylkeskommune
- Vestland fylkeskommune