1Kva ønskjer kulturminne­forvaltninga å oppnå med tilskots­posten?

Sidan 2019 har Stortinget over Barne- og familiedepartementets budsjett løyva middel til sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Dette omfattar dei freda og listeførte kyrkjene. Tilskota er meint å bidra til å gje kyrkjene eit vedlikehaldsløft og midla går til istandsetjing av klimaskal, anna istandsetjing og brannsikring. Midla er eit bidrag til kommunanes lovpålagte ansvar for vedlikehald av kyrkjebygg som omfattast av eit kyrkjeleg fellesråd eller sokn.

Riksantikvaren forvaltar tilskotsordninga, i samråd med KA (Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter) og Den norske kyrkje.

2Kven kan ta i mot tilskot frå posten?

Kyrkjelege fellesråd og andre eigarar og forvaltarar av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg kan få tilskot. For kvar utlysing vil Riksantikvaren vurdere kva for kyrkjer som vert invitert til å søkje. Disse faglege vurderingane gjer Riksantikvaren i dialog med kyrkjelege instansar.

Det er ei prioritert oppgåve frå Stortinget å gje tilskot til steinkyrkjene frå mellomalderen, som ein del av førebuinga fram mot nasjonaljubileet for slaget på Stiklestad i 2030.

3Kva kan det gis tilskot til?

For kvar utlysing vil Riksantikvaren vurdere kva for tiltak det kan gjevast tilskot til. Føringane frå Stortinget er at løyvinga skal nyttast til brannsikringstiltak, klimaskalsikring og istandsetjing.

4Prioriter­ingar ved fordeling av tilskot

Det er dei kulturhistorisk viktigaste kyrkjene med det mest presserande behovet for istandsetjing og sikring som skal ha prioritet ved tildeling av midlar. Kyrkjeeigarar må stille med eigenandel for å kunne løysa ut tilskot, normalt 40% av totalkostnadane for prosjektet.

5Korleis søkjer du?

Når ei ny utlysing av tilskot er klar, blir informasjon om utlysinga tilgjengeleg på Riksantikvaren og KA sine heimesider. Det vil normalt vere 6-8 veker søknadsfrist frå utlysinga publiserast.

Kyrkjeeigarar søkjer om tilskot gjennom søknadsskjema som er tilgjengeleg under kvar kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen. Kyrkjeeigar logger inn på Kyrkjebyggdatabasen og fyller ut søknadsskjema for den kyrkja ein ønskjer tilskot til, innan søknadsfristen. Det er viktig å leggje ved all relevant informasjon.

Tilskotsordninga er i hovudtrekk lagt opp slik:

  1. Kyrkjeeigar sender inn søknad i Kyrkjebyggdatabasen
  2. Riksantikvaren vurderer søknadene og gjev rammetilskot, samt ein frist for ferdigstilling og innsending av sluttrapport
  3. Når kyrkjeeigar har fått rammetilskotet, må sjølve tiltaka godkjennast før arbeida begynner. Søknad om godkjenning sendast til biskopen, jfr. Kyrkjerundskrivet, og biskopen ser til at dei rette styringsmaktene får saka. For freda kyrkjer inneber det ein dispensasjonshandsaming etter kulturminnelova. Riksantikvaren handsamar tiltak i kyrkjebygget. Fylkeskommunen handsamar inngrep i grunnen omkring eller under kyrkjebygget. Biskopen skal og gje si godkjenning til tiltaket. For listeførte kyrkjer gjev biskopen si godkjenning etter å ha innhenta faglege råd frå Riksantikvaren, i medhald av kirkebyggforskrifta. Også her skal fylkeskommunen inn dersom tiltak krev inngrep i grunnen
  4. Når tiltaka er ferdige skal sluttrapport sendast til Riksantikvaren og tilskotet blir utbetal